OM OSS

Historie
Entreprenørselskapet Håkon Sandvik ENK blei stifta i 1974. Selskapet blei driven som eit enkeltmannsføretak fram til 1986. Då blei aksjeselskapet H. Sandvik AS stifta, med adresse 5915 Hjelmås. I 2013 bestemte vi oss for å ta, for oss, det store steget med å kjøpe oss tomt i det nye industriområdet i Galteråsen i Isdalstø. Dermed kunne vi i 2014 flytte verksemda inn i nytt næringsbygg i Galteråsen 4, Isdalstø. Slik fekk vi ei meir sentral plassering både for våre ansatte og for bedrifta. Firmaet utfører oppdrag som entreprenør innan bygg og anlegg, og har opparbeida seg ein allsidig bakgrunn frå anleggsdrift. Oppdragsgjevarane er offentlege etatar, næringsverksemder og private. Geografisk arbeidsområde er i hovudsak Alver og kommunane rundt. Det er 17 ansatte i verksemda, og dagleg leiar er Helge Sandvik. H. Sandvik AS er godkjent lærebedrift i Betongfaget. Vi har pr i dag (2020) 2 lærlingar via Opplæringskontoret i Nordhordland. H.Sandvik As har sentral godkjenning og er også medlem i MEF.
Målsetjing:
Vår verksemd skal tilretteleggje sitt arbeid på ein måte som førebyggjer ulykker, miljø- og helseskadar, og som skaper trivsel på arbeidsplassane. Drifta skal gje minst mogeleg påverknad på det ytre miljø. Våre tenester og produkt skal vera sikre for kundane våre. Vi skal ivareta dette ved at helse, miljø og tryggleik vert planlagt og prioritert på lik linje med utøving av arbeidsoppdrag, service og økonomi.
Kundar
I meir enn 45 år har vi utført grunn og betongarbeid for våre kundar i Alver og omegn. Mange av oppdragsgjevarane våre er faste kundar, samtidig som vi har god tilføring av nye kundar. Hjå oss står alltid kunden i fokus. Vi gjer til ei kvar tid det vi kan for at kundane våre skal være godt fornøgd med det arbeidet vi utfører.